Mette Karlsvik

Mette Karlsvik


22 12 11 40
Fag
Hjemfylke
Mette Karlsvik. Foto: Tove K. Breistein
Foto: Tove K. Breistein

TEMAER FOR FOREDRAG


Dagar og netter i Reykjavik

Karlsvik veit vel kva som skil sakprosa frå skjønnlitteratur, og kor langt disiplinane kan stå frå kvarandre. Men med å bevege seg mellom dei, har ho trengt djupare ned i stoffet, og vil seie noko originalt og nytt om det.

Om ein ser på sakprosaboka isolert frå det større prosjektet, kan det bli oppsummert slik: Frå Island kom sagaer om verdigheit og heltemot. I dag handlar historiene snarare om grådigskap. Det islandske vokabularet endra seg med den økonomiske boomen på 00-talet. Kva er då historieforteljaren sitt verktøy etterpå, når krakket er eit faktum, når dei frosne formuane har smelta og kredittbobla broste?

Dette er noko av det Mette Karlsvik utforskar då ho vitjar Island sommaren 2010: Mens dagane er på sitt lengste, tar ekspønkar og surrealistpoet Jón Gnarr over ordførarstolen i Reykjavik. Samstundes som vulkanen under Eyjafjallajökull hikstar for siste gong, samtalar Karlsvik med dei som no skal bygge eit nytt Island på ruinane av det gamle.

(Post Oske / Dagar og netter i Reykjavik, Flamme forlag 2011)

FLERE FOREDRAGSHOLDERE


KONTAKT OSS


Ta kontakt hvis du ønsker besøk av en forfatter eller oversetter.

E-post: formidling@nffo.no

Tlf: 22 12 11 48

Menu