Krigsbøkene som formet Norge - Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening
Krigsbøkene som formet Norge

Krigsbøkene som formet Norge

Hvordan setter man opp ei liste med de 25 bøker om krigsbøker som har formet Norge? Vi utfordret professor Hallvard Tjelmeland ved Universitetet i Tromsø.

14.07.17

Lørdag 24. juni gikk startskuddet for programserien Faktasjekken – jakten på Norges beste sakprosa på NRK P2. Deltakere i ti ulike panel skal sammen med programleder Hans Olav Brenner i 10 sendinger gjennom sommeren snakke om sakprosaen betydning etter 2. verdenskrig.
Lørdag 15. juli er det kategorien krigshistorie som skal belyses. Hallvard Tjelmeland har sammen med historiker og forfatter Mari Jonassen, og forfatter og direktør ved Holocaust-sentret, Guri Hjeltnes, har satt sammen en topp 25-liste, som blir presentert i programmet.
Meningsutvekslingen gikk friskt mellom deltakerne, og e-postboksene gikk brennvarme da listene skulle settes opp i mai.
Alle ble bedt om å sette opp ei liste hver på forhånd, for å forenkle og snevre inn arbeidet.
Her følger Hallvard Tjelmelands rapport om sitt bidrag:

Det er ei krevjande oppgåve å setja opp ei liste på 10-15 bøker om andre verdskrigen som har «forma Norge». Slik eg tolkar dette, handlar det ikkje om å finna fram til dei fagleg viktigaste bøkene, men dei bøkene som har hatt størst verknader, og då må det vel primært vera snakk om verknader på det kollektive minnet om andre verdskrigen i Norge, uavhengig av fagleg kvalitet. Mange av dei bøkene som har fått størst utbreiing og betydning for korleis krigstida vart oppfatta, er difor skrive av amatørhistorikarar og journalistar.
Samstundes er det nok også slik at fagbøker har hatt store verknader, indirekte, gjennom at dei har påverka tenkinga til dei som har nådd lengre ut i folket – anten det er innanfor skolen sine læreverk, lokalhistorie og i dei meir journalistisk prega bøkene. Det er også slik at ulike bøker har hatt betydning for ulike generasjonar. Dessutan er det også slik at dei krigsinteresserte ikkje er ein homogen flokk, men at ulike bøker har hatt ulike nedslag. I lista nedanfor har eg med begge kategoriane – dei bøkene som har forma Norge gjennom popularitet og høge oppslagstal på utvalte tema, og dei som har hatt slike indirekte verknader, til dømes ved å løfta fram nye tema. Eg har prioritert tidlege publikasjonar om eit tema framfor seinare, dersom dei har hatt stor utbreiing. Eg deler bøkene på mi liste etter sentrale kategoriar:

Fagleg baserte bøker med stor direkte eller indirekte verknader:

1) Sverre Steen (red.): Norges krig, tre bind (1947-50): Den første samanfattande oversikta, eit verk som stod i tusenvis av heimar over heile landet.

2) Johs. Andenæs, Olav Riste og Magne Skodvin: Norway and the Second World War (1966, Tanum). Svært lenge den einaste samla oversikta, med to av nestorane på feltet som forfattarar, pensum for fleire årgangar av grunnfagsstudentar.

3) Hans Fredrik Dahl (red,): Krigen i Norge (Pax 1974): Lanserte nye tema som ikkje høvde inn i det dominerande heimefrontparadigmet, blant anna om økonomisk kollaborasjon. Hadde store verknader på ein ny generasjon av okkupasjonshistorikarar og også i den allmenne debatten.

4) Olav Riste: Londonregjeringa. Norge i krigsalliansen, bind 1 og 2 (1973 og 1979, Det Norske Samlaget). Banebrytande verk om utefronten og eksilregjeringa. Vart ikkje folkelesnad. Men hadde stor indirekte verknad på oppfatninga av denne delen av krigshistoria.

5) Guri Hjeltnes: Hverdagsliv (bind 5 av Magne Skodvin (red): Norge i krig, Aschehoug 1986): Løfta fram kvardagslivet som eit nytt tema, har hatt stor indirekte verknad på tenkinga om norsk okkupasjonshistorie).

6) Knut Einar Eriksen og Terje Halvorsen: Frigjøring (bind 8 i same verk, 1987): Løfta fram betydninga av nordområda i frigjeringa av Norge.

7) Anne Eriksen: Det var noe annet under krigen (Pax 1945). Etablerte minnehistoria om andre verdskrigen som felt.

8) Stein Ugelvik Larsen (red.) I krigens kjølvann (Universitetsforlaget 1999): Tar opp tabubelagte og lite fokuserte tema frå okkupasjonstema, tema som har gått igjen i mange bøker etter dette (behandlinga «tyskertøser» og krigsbarn, den kommunistiske motstanden.

Sivil og militær motstand

9) Per Hansson: Og tok de enn vårt liv (Gyldendal 1963). Ein bestseljar som bidrog til å sementera haldningar til motstandsarbeid og til okkupantmakta.

10) Hans Kristian Eriksen: Partisaner i Finnmark (Tiden 1969). Den første av fleire bøker der Eriksen tar opp lagnaden til gløymte og utstøytte motstandsfolk.

11) Kjell Fjørtoft: Dramaet på Arnøy(1981, Gyldendal).

12) Gunnar Sønsteby: Rapport fra «Nr. 24», (1960, Mortensen). Denne kan stå som representant for heltelitteraturen (andre kandidatar: Max Manus, Asbjørn Sunde)

Jødar og krigsfangar

13) Jahn Otto Johansen: Det hendte også her (1984, Cappelen). Ei av dei første framstillingane av jødeforfølgingane – og som også peiker på norsk medverknad.

14) Marianne Soleim: Sovjetiske krigsfanger i Norge (2005, Spartacus). Den viktigaste samanfatninga på dette området, som det så lenge har vore taust om.

Tvangsevakueringa og brenning i nord

15) Harry Westrheim: Landet de brente (1978, Tiden 1982): Tvangsevakuering og brenning. Den første som løftar fram dette for eit stort publikum.


Dei vala eg har gjort, inneber at mange kategoriar og viktige bøker har falle ut. Lenge var David Howarths Ni liv inne på lista, eg droppa til slutt fangekategorien (til dømes Oskar Magnusson og Trygve Bratteli).
NS og andre som «stod på feil side» kom ikkje med (Nils Johan Ringdal: Mellom barken og veden og Haagen Ringnes: Under solkorset var med til siste runde). Eg vurderte også Asbjørn Jaklin: Nordfronten (2006) som ei nyare bok som løftar fram det militærstrategiske aspektet, men det er i hovudak dekka opp av Riste og Eriksen/Halvorsen. Ragnar Ulstein sine bøker kom heller ikkje med, og det er nok påfallande at eg ikkje har funne plass til Ole Kristian Grimnes. Men så var det dette med å vega utbreiing mot faglege bøker som etablerte noko nytt. Vanskeleg, vanskeleg.

Og hvordan dette gikk kan du altså høre på NRK P2, lørdag 15. juli klokka 09.03. Reprise søndag 16. juli og onsdag 19. juli, klokka 13.03.

Menu