Statens kunstnarstipend

Statens kunstnarstipend er ei stipendordning som skal leggje til rette for at enkeltkunstnarar, gjennom å motta direkte tilskot fra staten, skal kunne bidra til eit mangfaldig og nyskapande kunstliv. Ved tildeling skal det leggjast vekt på kunstnarisk kvalitet og aktivitet.

Dei faglitterær kan søkje fire stipendtypar:

Arbeidsstipend kan tildelast for ein periode frå eitt til fem år, og skal gje kunstnarar høve til å arbeide med eit prosjekt eller ei fordjupningsoppgåve for å vidareutvikle kunsten sin.

Diversestipend skal vere eit bidrag til den kunstnarlege verksemda til den einskilde søkjaren. Det kan m.a. gjevast støtte til etablering, kurs, reiser, studium, fordjupning, material, utstyr, marknadsføring, konsulentbistand osv.

Stipend for etablerte kunstnarar skal gje kunstnarar høve til å utvikle sitt kunstnariske virke over ein lengre periode og til å kunne ha kunstnarisk aktivitet som hovudgjeremål. Stipendet kan søkjast av yrkesaktive kunstnarar som gjennom nokre års verksemd har ytt ein kvalitetsmessig verdifull kunstnarisk innsats.

Stipend for seniorkunstnarar skal sikre mottakarane økonomisk tryggleik, slik at dei kan ha kunstnarisk aktivitet som hovedgjeremål. Stipendet kan søkjast av yrkesaktive kunstnarar som er 56 år eller eldre i søknadsåret og som gjennom mange års verksemd har ytt ein kvalitetsmessig verdifull innsats.

Per 2014 har dei faglitterære tre arbeidsstipend, eitt stipend for etablerte kunstnarar/stipend for seniorkunstnarar og ein pott på i underkant av 200 000 kr til diversestipend. NFF jobbar kontinuerlig for at talet stipend til faglitterære kunstnarar skal auke.

 

Søkjefrist i år er 16. oktober kl. 13:00, og ein søkjer via nettstaden til Norsk kulturråd.

Tildelingane blir offentliggjort i slutten av mars 2015.

Tildeling skjer etter innstilling frå stipendkomitear oppnemde av kunstnarorganisasjonane.

Stipendkomiteen for dei faglitterære blir oppnemnt av årsmøtet til NFF.

 

Stipendkomiteen 2014/2015

(Varamedlemmer i parentes)

Leder: Gro Stangeland (Jon Gangdal)
Jon Rognlien (Karianne Bjellås Gilje)
Kjell Lars Berge (Inger Sverreson Holmes)

Sekretær: Formidlingsansvarlig Kristine Isaksen i NFF

For meir informasjon: Formidlingsansvarleg Kristine Isaksen. kristine.isaksen@nffo.no/ 22 12 11 48