Mykje sakprosa i leselystaksjon Rein tekst - Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening
Mykje sakprosa i leselystaksjon Rein tekst

Mykje sakprosa i leselystaksjon Rein tekst

Rein tekst er den største landsdekkjande leselystaksjonen i Noreg, og målet er å gi ungdom mellom 16 og 19 år gode lesaropplevingar. Rein tekst-antologien har aldri inneheldt så mykje sakprosa som den gjer i år og i samarbeid med NFF kan aksjonen også sende faglitterære forfattarar ut til skulene.

26.08. 2011

Rein tekst er ein årleg leselystkampanje for vidaregåande elevar i regi av Foreininga !les, og blei gjennomførd for første gong i 2004. Det er den største landsdekkjande kampanjen for denne målgruppa, og omfattar antologi, lydbok, lærarrettleiing, film, konkurransar og i år også forfattarbesøk takka vere samarbeidet med NFF. Rein tekst-antologien har aldri inneheldt så mykje sakprosa som den gjer i år: 6 av 16 tekstar (pluss ein på dansk og ein på svensk). Den inneheld: 38 % sakprosa, 25 % nynorsk, 6 % dansk, 6 % svensk - 100 % leselyst!

Filmen som følgjer med kampanjen har aldri før vore dokumentarfilm – slik som i år. 

REIN TEKST er den største landsdekkjande leselystaksjonen i Noreg, og målet er å gi ungdom mellom 16 og 19 år gode lesaropplevingar. Set samtidslitteratur på dagsorden! Set av tid til antologilesnad, diskusjonar og kortfilm i skuletida.  

Påmeldingsfrist: 11. september.

Aksjonen er heilt GRATIS og inkluderer:


•    Antologi. Smakebetar på 16 av dei beste samtidsbøkene som har komme ut det siste året. Her er stor sjangervariasjon, tekstar med ulik vanskegrad og 25 % nynorskdel. Elevane, læraren og bibliotekaren får kvar si pocketbok til odel og eige. Eit klasseset = 30 stk antologiar. Sjå boklista her.
•    Lydbok. Huk av kor mange eksemplar du treng. Lydboka er i DAISY-format. Lydboka er produsert og finansiert av NLB - biblioteket som låner ut lydbøker til alle som slit med å lese vanlege bøker. NLB har eit stort utval lydbøker til barn, ungdom og vaksne som er gratis å låne. Les meir: nlb.no
•    Lærarrettleiing utarbeidd av norsklærarane Astrid Kleiveland og Kirsten Kalleberg. Her blir det konkrete forslag til oppgåver og diskusjonstema til kvart tekstutdrag.
•    Forfattarbesøk. I samarbeid med Norsk faglitterær forfattar- og omsetjarforeining (NFF) kan me tilby i alt 20 gratis skulebesøk av sakprosaforfattarane som er representerte i antologien. Døme på tema: krigen i Afghanistan, bruk av niqab, å vere feit og single mann, og mykje meir. Det er med andre ord ikkje berre norskfaget som kan nyte godt av desse forfattarbesøka eller antologien. Forfattarane du kan tinge er: Marie Amelie, Anders Sømme Hammer, Hanna Helseth, Kristian Fjellanger, Aisha Shezadi og omsetjar Thomas Lundbo. Meir informasjon om korleis ein tingar forfattarbesøk står i lærarrettleiinga.
•    Dokumentarfilm (15 min). Talentfulle Benjamin Ree (21 år) har laga ein kortfilm om sjekkeskulane som har dukka opp i Noreg dei siste par åra. På berre nokre få veker lovar kurshaldarane at gutane kjem til å føle seg som rockestjerner på byen. Benjamin har infiltrert miljøet og prøver å finne ut korfor dei unge gutane har så dårleg sjølvtillit i utgangspunktet og kva triks dei lærar seg.
•    Elevkonkurranse. Vinn splitternye Kindle-lesebrett!

Meld deg på her!

Antologien kjem også til å innehalde ein originaltekst på svensk og ein på dansk, og kan brukast i undervisninga i nabospråk.

Menu