Kalender
Medlemstreff på Lillehammer

Gratis for NFFO-medlemmer
Arrangementet er gratis. Tilreisande må sjølve leggja ut for reise og eventuell overnatting. Påmeldinga er bindande på grunn av matbestillinga. Meld frå så tidleg som råd er, dersom du vert hindra frå å koma. Om du ikkje melder frå, er gebyret kr 500.
Sted
Fabrikken Pub og Scene, Løkkegata 9, Lillehammer
dato
Tid
18.00
Gratis for NFFO-medlemmer
Hald deg orientert om dei viktigaste sakene i foreininga, høyr Mass Soldal Lund fortelja om korleis cybermakt påverkar moderne militærmakt, og møt vener og kollegaer til middag og forfriskingar.
Regionkontakt Kristin Fridtun har gleda av å invitera NFFO-medlemer i Innlandet til medlemstreff på Lillehammer 3. november. Etter fjorårets utprøving av nytt medlemstreff-format er vi no tilbake med eit treff etter tradisjonell oppskrift. Vi skal få besøk frå styret og bli informerte om det som rører seg i organisasjonen, få fagleg påfyll frå ein av dei lokale medlemene og eta god mat i lag.
Mass Soldal Lund står for det faglege innslaget denne gongen. Han har i mange år forska på militære cyberoperasjonar og skal gje oss eit innblikk i korleis cyberdomenet blir brukt til å utøva både hard og mjuk makt.
Program
Kl. 18.00: Velkomen og nytt frå NFFO ved styremedlem Linn T. Sunne
Kl. 18.30: Føredrag ved Mass Soldal Lund: Frå kuler til kode – korleis cybermakt påverkar moderne militærmakt
Kl. 19.00: Middag (tapas) frå Lyng mat & bar
Mass Soldal Lund er professor i cybertryggleik og samfunnstryggleik ved Universitetet i Innlandet og professor II i cyberoperasjonar ved Cyberingeniørskolen ved Forsvarets høgskole. Saman med Vivi Ringnes Berrefjord gav han i fjor ut boka Cybermakt. En tverrfaglig innføring (Universitetsforlaget).
Er du allergikar eller ynskjer vegetarisk eller vegansk mat, må du melda frå om det når du melder deg på.
Fabrikken ligg om lag 10 minutts gonge frå Lillehammer stasjon. Det skal vera nokre parkeringsplassar for gjester inne på eigedomen, elles kan ein parkera på Lurhaugen, der det er gratis å stå etter kl. 17.00.
Ta kontakt med Kristin Fridtun (kristin.fridtun@gmail.com, mobil: 905 68 741) dersom du har praktiske spørsmål eller må melda avbod etter at påmeldingsfristen er gått ut.
Hjarteleg velkomen!