Kalender

Prosalong i Mandal: Agders første kvinne i politikken

3. mars 2026
Bilde

Gratis for NFFO-medlemmer


Sted

Lindesnesbibliotekene, Mandal. 2. etasje.

dato

3. mars 2026

Tid

19.00 - 20.00

Gratis for NFFO-medlemmer

Magnhild Hagelia (1904-1996) frå Gjerstad var den første kvinna frå Agder på Stortinget (1950-1965), og den første kvinna som leia eit møte i nasjonalforsamlinga, Lagtinget i 1962. Velkomen til ein spennande prosalong med Alf Kjetil Igland om den nyaste boka hans.

Ho skapte seg eit stort rom i politikken. Frå enkle kår arbeidde ho seg fram til å bli Agders leiande kvinnelege politikar.

Hagelia kom tidleg med i Arbeidarpartiet og fekk leiarverv både lokalt og på fylkesplan. I perioden på Stortinget markerte ho seg på fleire felt. Blant anna kjempa ho for kvinners rettar og for å få dei engasjert i politikken. Ho var trugen sosialdemokrat og trudde på eit samfunn med plass til - og velferd for alle. På 1950-tallet flytta ho til Fjære ved Grimstad, der ho etter stortingsåra engasjerte seg i lokalpolitikken medan hun arbeidde hos Fylkesrevisoren.

Biografien har fått svært gode kritikkar. Gro Harlem Brundtland, som kjende Hagelia, peikar på at boka dekker ein utroleg interessant del av norsk historie og er glimrande skrive.

Alf Kjetil Igland er fødd i Fjære i 1949 og utdanna filolog med norsk hovudfag og engelsk og journalistikk i fagkrinsen. Han har hatt en rekke stillingar og verv i media og akademia, og han har gitt ut fleire bøker. I dag er Alf Kjetil Igland knytt til Universitetet i Agder som forskar og sakprosaforfattar.

Arrangement er eit samarbeid mellom NFFO Agder og Lindesnesbibliotekene.

Adresse: Buen kulturhus, Havnegata 2, 4515 Mandal

Foto (t.v): Jan Arve Olsen (UiA)

Flere av våre arrangementer

Dame som leser bok i et bibliotek

Gratis arrangementer og faglig felleskap som medlem av NFFO

Bli del av et nettverk av engasjerte faglitterære forfattere og oversettere. Delta på inspirerende seminarer, kurs og workshops som gir faglig påfyll og utvider ditt nettverk.

Bli medlem

Om nffo

Personvernerklæring

Org.nr: 944 394 958

Adresser

Post: Postboks 172 Bogstadveien 0323 Oslo

Besøk: Uranienborgveien 2, Oslo

Kontakt oss

Tlf: +47 22 12 11 40

mandag, onsdag, fredag 09.45-11.45


Motta vårt nyhetsbrev

Navn

Epost

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.