Kalender
Prosalong i Stavanger: Karen Kyllesø (21) gjekk aleine til Sørpolen

Gratis for NFFO-medlemmer
Pris: 150,-
Sted
Litteraturhuset i Stavanger, Johannes´ gate 21
dato
Tid
19:00-20:00
Gratis for NFFO-medlemmer
Karen Kyllesø er den yngste nokon gong som har gått aleine til Sørpolen. I boka Heilt aleine. 54 dagar på tur over Sørpolen skriv ho sjølv om kvifor ho drog, korleis ho førebudde seg, og korleis det gjekk.
Kva fekk ho til å leggje ut på ei så lang, einsam reise til det kaldaste og mest isolerte kontinentet på kloden? Og korleis var det å skrive bok om opplevinga i etterkant?
I sipersonlegeforteljinggir Kyllesøsvaret på korleis ho klarte å gå dei 1130 kilometrane inn til Sørpolen, trass i hælsmerter, frostskadar og for lite mat – og kva ho tenkte på undervegs.
I ei bokmelding i Stavanger Aftenblad fekk Kyllesø terningkast 5-er av meldar Tom Hetland. Han var i utgangspunktet litt skeptisk til bokprosjektet. «Ein ting er å gå, noko anna å skriva,» kommenterer Hetland. Men han endar med å meine atho på usentimentalt, direkte og jordnærtvis gir «det mest ærlege og autentiske biletet av kva ei polferd eigentleghandlar om, og kva eigenskapar som krevst.»
Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, NFFO, i Rogaland har invitert Tom Hetland til å samtale med Karen Kyllesø om boka i ein Prosalong. Det skjer på Litteraturhuset i Stavanger, Johannes´ gate 21, tirsdag 11. november kl. 19.00-20.00.