Kalender
Fagsamling for læremiddelforfattarar

Gratis for NFFO-medlemmer
Sted
Uranienborgvegen 2, inngang Parkvegen + på nett
dato
Tid
17.00-22.00
Gratis for NFFO-medlemmer
Velkommen til ein kveld med fagleg og sosialt påfyll for forfattarmedlemmer som skriv læremiddel.
Fagleg program kl. 17-20. Frå kl. 20: tapas og drikke. Hugs å oppgi eventuelle allergiar/matpreferansar når du melder deg på.
Berre for NFFO-medlemmer. Det faglege programmet blir strømma for medlemmer.
Program
kl. 17:00-18:00: May Else Nohr og Hanne Hafnor Dahl: "Vår metode i Matematikk 1" (Cappelen Damm). Matematikk 1 fra Cappelen Damm blei tildelt gull i den prestisjetunge BELMA-utdelinga (Best European Learning Materials Awards) på bokmessa i Frankfurt i oktober 2025. Det er første gong eit norsk læremiddel i matematikk vinn gull. May Else Nohr og Hanne Hafnor Dahl er begge allmennlærarar og arbeider som fagkonsulentar i matematikk og kurshaldarar for Utdanningsetaten i Oslo.
kl. 18:00-18:15: Pause.
kl. 18:15-19:15: Panelsamtale med forlag om framtida til læreboksjangeren. Kva type fornying i sjangeren trengst, ønskjer om neste reform og innhaldet i han. Kva tenkjer forlaga sjølve om digitaliseringsbølgja som har vore og er, og måtane dei har handtert denne på. Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun har fysiske lærebøker i grunnskulen som hjartesak, og Stortinget har løyva ekstramidler til kommunane for innkjøp av lærebøker i fleire omganger - korleis riggar forlaga seg?
Med Hanne-Mari Eide Bennett, forlagsdirektør i Gyldendal Undervisning, Anders Skogvold, forlagsdirektør for Cappelen Damm Utdanning og Lars Mausethagen, forlagssjef undervisning i Fagbokforlaget. Ordstyrar er Roman L. Eliassen, redaktør i Prosa. Det siste Prosa-nummeret er dedikert læremiddel.
kl. 19:15-19:30: Pause
kl. 19:30-20:00: Foreiningsnytt. Ane Christiansen, leiar av NFFOs nyoppretta læremiddelutval, og ein frå leiinga informerer om relevante saker.
Frå kl. 20: tapas og drikke.
Spørsmål om arrangementet? Ta kontakt med Kristine Isaksen, arrangement@nffo.no / 952 01 968.








