Kalender
Haustsamling for dei som skriv for barn og unge

Sted
Uranienborgvegen 2, inngang Parkvegen
dato
Tid
18:00 – 22:00
Varmt velkommen til ein kveld med fagleg og sosialt påfyll for dei som skriv for barn og unge.
Tradisjonen tru blir det haustsamling for dei som skriv eller set om bøker for barn og unge. Dersom du er medlem av NFFO eller Norske barne- og ungdomsbokforfattere (NBU) eller tidlegare elev ved NFFOs forfattarskule kan du melde deg på. Arrangementet er gratis, men påmelding obligatorisk:
Påmelding for dei som ikkje er medlemmer i NFFO
Dørene opnar kl. 17:30. Fagleg program kl. 18-20 med pausar. Frå kl. 20: tapas og drikke. Hugs å oppgi ev. allergiar/matpreferansar når du melder deg på.
Detaljert program blir lagt her når det er ferdig. Det er NFFOs barne- og ungdomsbokutval, ved Helene Uri, Reidar Müller, Håkon Viggen og Synnøve V. Hellerud, som er programkomité.
Spørsmål om arrangementet? Ta kontakt med Kristine Isaksen, arrangement@nffo.no / 952 01 968.








