Kalender
Sakprosafestivalen Basta i Trondheim

Gratis for NFFO-medlemmer
Sted
Litteraturhuset i Trondheim
dato
Tid
Gratis for NFFO-medlemmer
20.-21. november skjer sakprosafestivalen Basta i Trondheim, som er eit vellukka samarbeid mellom Litteraturhuset i Trondheim og NFFO tolvte året på rad!
Basta er festivalen som gjer deg smartare – ei feiring av aktuell sakprosa med tankar og tema som engasjerer! Festivalen har som mål å formidle komplekse tema på ein enkel og oversynleg måte.
Det kjem programdrypp utetter hausten, så følg med på nettstaden til festivalen. Alle NFFO-medlemmer får gratis enkeltbillettar (ordinær pris 150 kr per arrangement.). Sikre deg plass ved å hente ut billettar allereie no. Trykk på "Kjøp billett" i programposten, vel kategorien "NFFO", og legg inn promokode frå nyhendebrev.
Prosjektleiar er Aja C. Bugge, dagleg leiar ved Litteraturhuset. Programkomiteen består i tillegg av NFFO-medlemmene Guri K. Merakerås og Torgeir E. Sæveraas.
Spørsmål? Ta kontakt med Kristine Isaksen, arrangement@nffo.no / 952 01 968.








