Kalender
Minikurs om den kulturelle skulesekken (DKS)

Gratis for NFFO-medlemmer
Sted
NFFOs lokaler, Uranienborgveien 2, storsalen i 2. etg.
dato
Tid
18:00-20:00
Gratis for NFFO-medlemmer
I skribentøkonomien er formidlingsoppdrag eit viktig element. Har du ein formidlar i magen og tema du vil snakke om for barn og unge? Kom for å få smakebete på ein litterær produksjon og lære om korleis du og bøkene dine kan komme seg inn i den kulturelle skulesekken. Både for forfattarar og omsetjarar!
Fristen for å søkje Kulturtanken om oppdrag i skulen, er 1. oktober kl. 13. Få innføring i korleis søkje om oppdrag og lære kva ein litterær produksjon er for noko ved Anders Tollefsen i Kulturtanken og Ida Endestad i Norsk Forfattersentrum. Det blir samtale mellom sakprosaforfattar Reidar Müller, som har mykje erfaring med å formidle til barn og unge i skulen, og Håvard Nervik, fagansvarleg for litteratur i den kulturelle skulesekken Innlandet.
Smakebete på Line Halsnes sin nyaste litteraturproduksjon, "Tøffe dyr", som ho turnerer med på skular i Akershus nett no. Korleis teikne og skrive SANT? Og korleis skaffe seg faktakunnskap? Målet er at elevane skal oppleve ein litt skummel og morosam naturfagstime.
I samarbeid med Norsk Forfattersentrum og Kulturtanken.
Traktering: kaffi/te og isvatn.
Dersom du ikkje har blitt NFFO-medlem enno, men har veldig lyst til å delta, ta kontakt: Kristine Isaksen, 952 01 968 / arrangement@nffo.no
Ikkje strømming/videoopptak.
Foto: Aslaug Gaundal/Litteraturhuset






