Kalender
Fagsamling for akademiske forfattarar

Gratis for NFFO-medlemmer
Frist for å gjere endringar i påmeldinga: 7. feb. Ønskjer du å følgje arrangementet digitalt, logg deg inn i medlemsportalen. Lenkje til strømming finn du på oppslagstavla.
Sted
Uranienborgvegen 2, inngang Parkvegen + på nett.
dato
Tid
17:00 – 22:00
Gratis for NFFO-medlemmer
Velkommen til ein kveld med fagleg og sosialt påfyll for medlemmer som skriv fagbøker for høgare utdanning.
Fagleg program kl. 17-20. Frå kl. 20: tapas og drikke. Hugs å oppgi eventuelle allergiar/matpreferansar når du melder deg på.
Berre for NFFO-medlemmer. Det faglege programmet blir strømma for medlemmer.
NFFOs universitets- og høgskuleutval har vore rådgjevande i programmeringa: Heine A. Holmen, Jørgen Moltubak, Eirik Welo, Kjerstin Aukrust og Peter Andrè Busch.
Program
kl. 17:00-18:00: Samtale om forsking versus sakprosabøker når det gjeld etikk, aktualitet og ny kunnskap. Med Tore Wig, professor ved Institutt for statsvitenskap, Universitetet i Oslo, Johan L. Tønnesson, sakprosaprofessor ved Universitetet i Oslo, og Knut Vegard Bergem, seniorredaktør for samfunnsfag og humaniora i Cappelen Damm. Ordstyrar: Cornelia Kristiansen, journalist og kommentator med bakgrunn frå Morgenbladet, Dagbladet, Dagsavisen og Aftenposten.
kl. 18:00-18:15: Pause.
kl. 18:15-18-45: Foreiningsnytt. Leiar av det nyoppretta universitets- og høgskuleutvalet, Peter André Busch, orienterer om utvalsarbeidet. Ny generalsekretær, Cathrine Sandnes, orienterer om andre relevante saker.
kl. 18:45-19:00: Pause.
kl. 19:00-20:00: Frode Helland: "Research, framstilling og struktur i Holocaust. En historie fortalt av ofrene" (Forlaget Press, 2025). Tid til spørsmål og kommentarar frå salen.
Frode Helland er professor i nordisk litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo og dekan ved Det humanistiske fakultet sidan 2018. Holocaust. En historie fortalt av ofrene blei nominert til Brageprisen i klassen sakprosa for vaksne i fjor.
Spørsmål om arrangementet? Ta kontakt med Kristine Isaksen, arrangement@nffo.no / 952 01 968.








