Kalender
Medlemsmøte om NFFOs stipendpolitikk

Gratis for NFFO-medlemmer
Sted
Uranienborgvegen 2, inngang Parkvegen + på nett.
dato
Tid
18:00-20:00
Gratis for NFFO-medlemmer
Delta på viktig medlemsmøte om NFFOs stipendpolitikk i framtida!
Historikk
NFFO har sidan oppstarten i 1978 delt ut stipend til faglitterære forfattarar og omsetjarar m.a. på grunnlag av vederlagsmiddel NFFO mottek årleg frå Kopinor og Norwaco. I år er denne potten på 85 millionar kroner.
Vederlagsmidla har blitt fordelte gjennom prosjektstipend (den største delen stipend) og reise- og diversestipend. Fordelinga av prosjektstipenda har vore baserte på skjønn: stipenda er blitt tildelte dei søknadane om nye bokprosjekt som stipendkomiteen har funne best kvalifiserte. Under den andre ordninga har fordelinga skjedd på grunnlag av tidlegare publisert materiale.
Som følgje av lov om kollektiv forvaltning av opphavsrett mv. blei det i 2023 innført ei prøveordning med utbetaling av individuelt vederlag som erstatning for reise- og diversestipendet. Årsmøtet sist vedtok å halde fram prøveordninga i 2025, men bad styret prioritere utgreiing av saka. Utfallet av utgreiinga skal leggjast fram for vedtak på årsmøtet 14.–15. mars 2026.
Arbeidsgruppe med forbetringsinnspel til prøveordninga
Etter årsmøtet blei ei arbeidsgruppe nedsett med desse medlemmene: frilansforfattar Torgeir E. Sæveraas, professor i opphavsrett, Olav Torvund, NFFO-jurist Daniel Å. Bukkvoll, førstekonsulent på stipend, Erlend Bilsbak, og fungerande generalsekretær, Jørgen Lorentzen. Arbeidsgruppa skal i medlemsmøtet leggje fram arbeidet sitt så langt og få innspel frå medlemmene.
Alle medlemmer oppmodast til å møte for å delta i informasjonsflyten og diskusjonen etterpå. Møtet blir strømma, og medlemmer som deltek via skjerm kan sende spørsmål eller kommentarar undervegs i medlemsmøtet til arrangement@nffo.no, så blir dei lesne opp i møtet. Kva tenkjer de om å leggje til dette i eventet om medlemsmøtet 16.9?
Kva skal babyen heite?
Eit godt namn på ordninga manglar. Med så mange språkmektige medlemmer, er ikkje styra og administrasjonen i tvil om at me kjem til å lande det før årsmøtet. Kom gjerne med namneforslag i møtet eller send til arrangement@nffo.no
Her er nokre lenkjer til Det Norske Akademis ordbok som inspirasjon: kompensasjon, stipend, vederlag, honorar, oppgjør, kompensasjon.
Program
Møteleiar: fungerande generalsekretær Jørgen Lorentzen.
Innleiing ved styreleiar Marte Blikstad-Balas og fondsstyreleiar Anders Vaa.
Torgeir E. Sæveraas presenterer betraktningar kring overordna prinsipp for NFFOs stipendpolitikk.
Olav Torvund presenterer opphavsrettslege betraktningar om NFFOs stipend og lov om kollektiv forvalting av opphavsrett.
Diskusjon.
Møteleiar summerer opp diskusjonen og seier noko om vegen vidare.
Traktering: kaffi og vatn. Bar med vennlege prisar. Dørene opnar kl. 17:30. Vel møtt!
Spørsmål? Ta kontakt med Kristine Isaksen: arrangement@nffo.no / 952 01 968.