Kalender

NFFOs debutantseminar

12. juni 2025
Bilde

Gratis for NFFO-medlemmer


Frist for påmelding:
5. juni 2025

Seminaret er gratis, men påmelding er naudsynt.

Sted

Uranienborgvegen 2, Oslo, inngang Parkvegen

dato

12. juni 2025

Tid

13.00-16.00

Gratis for NFFO-medlemmer

I forkant av hagefesten har Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO) gleda av å invitere deg som har debutert med sakprosabok dei siste tre åra til vårt årlege debutantseminar. Bli med for å treffe andre skrivande mennesker i etableringsfasen og få fagleg påfyll!

Som debutant har du allereie vore gjennom prosessen med å skrive den første boka. Kanskje er du allereie i gang med andreboka? Gjennom debutantseminaret ønskjer me å gi deg inspirasjon og tips til skriving og innsikt i korleis forlag tenkjer. NFFO vil også informere om kva me som organisasjon kan gjere for deg og stipend du kan søkje på slik at du kan lukkast som faglitterær forfattar.

Seminaret er gratis, og ope for alle som har debutert som faglitterær forfatter dei siste tre åra og ikkje har delteke på debutantseminaret vårt tidlegare. Etter seminaret har me gleda å invitere alle deltakarane på NFFOs store hagefest.


PROGRAM

kl. 13:00-13:30 Marte Blikstad-Balas: Kven er Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening og kva skrivestipend forvaltar me.
kl. 13:30-13:45 Pause
kl. 13:45-14:30 Mona Ringvej: Tips til skriving, motivasjon og utklekking av bokidear.
kl. 14:30-14:45 Pause
kl. 14:45-15:30 Reidar Mide Solberg: Det gode redaktørsamarbeidet. Kva innsal kjøper forlagsredaktøren og kva tema er viktige no?
frå 15:30: fordrink i hagen. Hagefesten opnar for alle NFFOs medlemmer kl. 16.

Marte Blikstad-Balas er professor ved institutt for lærerutdanning og skoleforskning, Universitetet i Oslo, og styreleiar i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.

Mona Ringvej er historikar og forfattar av ei rekkje sakprosabøker. Siste bok: Eilif og Oline - tapt og funnet i okkupantenes skygge (Kagge 2023).

Reidar Mide Solberg er forlagssjef for sakprosa i Gyldendal forlag.


Det blir opna for spørsmål/kommentarar frå salen på tampen av kvart føredrag.

NFFO har diverre ikkje høve til å dekkje reise eller opphald.

Spørsmål om arrangementet? Ta kontakt med Kristine Isaksen, arrangement@nffo.no / 952 01 968.

Flere av våre arrangementer

Dame som leser bok i et bibliotek

Gratis arrangementer og faglig felleskap som medlem av NFFO

Bli del av et nettverk av engasjerte faglitterære forfattere og oversettere. Delta på inspirerende seminarer, kurs og workshops som gir faglig påfyll og utvider ditt nettverk.

Bli medlem

Om nffo

Personvernerklæring

Org.nr: 944 394 958

Adresser

Post: Postboks 172 Bogstadveien 0323 Oslo

Besøk: Uranienborgveien 2, Oslo

Kontakt oss

Tlf: +47 22 12 11 40

mandag, onsdag, fredag: 09.00 - 12.00


Motta vårt nyhetsbrev

Navn

Epost

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.