Kalender

Prosalong i Tromsø: Norsk litteratur i Nazi-Tyskland

9. oktober 2025
Bilde

Gratis for NFFO-medlemmer


Sted

Amtmandens

dato

9. oktober 2025

Tid

19.00

Gratis for NFFO-medlemmer

Narve Fulsås har skrive boka Norsk litteratur i Nazi-Tyskland. Forfattarar, forleggjarar og agentar under det nasjonalsosialistiske kulturregimet. Han vil snakke om denne boka i samtale med Kjetil Jakobsen.

Under den andre verdskrigen var norsk litteratur den største omsette litteraturen i Tyskland. Bak bestseljarane Knut Hamsun og Trygve Gulbranssen var det over hundre norske forfattarar som blei eller prøvde å bli publiserte på tysk i åra 1933–1944. Få av dei var nazistar, nesten ingen snakka om det etterpå. I eit transnasjonalt, tysk-norsk perspektiv er det ein slåande kontrast mellom motstand mot okkupasjon og nazifisering heime og vilje til å samarbeide med det nazistiske litteratursystemet ute. Det ideelle argumentet for å handle med Tyskland var å forsyne ikkje-nazistiske forleggjarar og lesarar med god omsetjingslitteratur. Men det var alltid følgt av økonomiske omsyn, og utsiktene til sal og inntekter kom ofte til å vege opp for politiske og moralske motførestillingar.

Narve Fulsås er professor emeritus i historie ved UiT Noregs arktiske universitet. Han har skrive ei rekkje bøker om kulturhistorie, vitskapshistorie, bokhistorie og nordnorsk historie. Dei siste åra han mellom anna forska på norsk litteratur i utlandet, og forfattarane Henrik Ibsen og Tarjei Vesaas.

Kjetil Jakobsen er professor i intellektuell historie ved Nord universitet i Bodø. Han forskar på nyare fransk, tysk og norsk intellektuell historie, er spaltist i Morgenbladet og har gitt ut ei rekkje sakprosabøker.

Velkomen! Gratis inngang.

Flere av våre arrangementer

Dame som leser bok i et bibliotek

Gratis arrangementer og faglig felleskap som medlem av NFFO

Bli del av et nettverk av engasjerte faglitterære forfattere og oversettere. Delta på inspirerende seminarer, kurs og workshops som gir faglig påfyll og utvider ditt nettverk.

Bli medlem

Om nffo

Personvernerklæring

Org.nr: 944 394 958

Adresser

Post: Postboks 172 Bogstadveien 0323 Oslo

Besøk: Uranienborgveien 2, Oslo

Kontakt oss

Tlf: +47 22 12 11 40

mandag, onsdag, fredag: 09.00 - 12.00


Motta vårt nyhetsbrev

Navn

Epost

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.